Braatenkongen

Men det var ikkje vondt meint frå grannane.

Etter at kjerringa Kari hadde døyd frå han tidleg i ekteskapet, hadde Eilev budd i ei lita hytte på Liheia. Som einebuar, kortvekst og pukkelrygga, vart han oppfatta som ”noko for seg sjølv.”

Eilev var gløgg og klar i tanken. Ein framifrå forteljar var han òg. Han heldt seg ved Oterholt og bygdene rundt, for han var kjend for å kunne fikse det meste. Han var nok best på paraplyar.

Med seg hadde han skreppa si med verktøy, og det han kalla sine usynleg ”hjelparar”. Mange meinte nok at han ikkje hadde godt av å vase så mykje for seg sjølv

Det var altså i god meining grannane tende på hytta til Eilev, med von om at dette skulle tvinge Eiliv inn i eit nytt og betre liv.
 

3 comments

  • Gratulerer med fortelling nr. 3000 på Digitalt fortalt. Og en skikkelig fin en blev det også!
  • Gratulerer med fortelling nr 3000!

    En sår fortelling om hvor vanskelig det var før åvære anderledes, og hvordan andre ville "hjelpe". Nydelig bilde.

  • Så gøy å få lest opp historien om Braatenkongen på dialekt!

Share to