• Photo: Ukjent (Opphavsrett)
  • Photo: Svein Ulvund (Opphavsrett)
  • Photo: Ukjent (Opphavsrett)

Seltuft

Tilkomsten til Seltuftberget brakke er spektakulær. Under anleggstida var fire jernstegar fastmontert i den steile fjellsida opp frå Seltuftvatnet: dei tre nedste sto tett etter kvarandre, den fjerde litt lenger oppe i den bratte stien. Denne vanskeleg tilgjengelege brakka har mykje av sitt opphavlege eksteriør og inventar att. Brakka er bygd i 1900 etter typeteikning for 24 mann, og det vart bygd tre slike brakker. Dette året budde fiolinist og jernbanearbeidar Johan Lindstrøm, 25 år gamal frå Sverige, saman med tjue andre anleggsarbeidarar i ei av brakkene på Myrdal. Seinare budde han som brakkesjef i lag med kona si her på Seltuft. I anleggstida vitja arbeidsminister Peder Nilsen og fleire av ingeniørane Seltuft. Kan henda var det for å sjå på det krevjande stikkingsarbeidet her? På fotografia under ser ein kor bana er teikna inn.

Share to