• Photo: Inge Aarseth (Opphavsrett)

Daudislandskap på Mjølfjell

Nedanfor garden Kleivane er det nokre merkelege former i lausmassane i dalbotnen.

Det er fleire små tjørner (dei største er Kleivatjørni og Ringtjørni), samt haugar og ryggar av stein og grus. Dette kallar geologar for daudislandskap. Det vart danna på slutten av istida då den siste isresten, som var dynamisk daud, smelta bort i botnen av dalen. Der det rann elvar i tunnelar under breen vart det avsett grus som vart til grusryggar når isen var borte. Der det låg store isklumpar att nede i grusen vart det tjørner (daudistjørner) når isen smelta. Slike er sjeldne på Vestlandet, då dalane her oftast er bratte, noko som gjer at isbrear er i rørsle til det siste.

Share to