• Photo: Arne Svendsen (Opphavsrett)
  • Photo: Helge Sunde (Opphavsrett)
  • Photo: Ukjent (Opphavsrett)

Georg Brekke

Banemester Georg Brekke vart fødd i 1925 på Upsete.

Han flytta til Finse i 1954, med erfaring frå jernbanearbeid på Flåmsbana og i Bergensområdet. Han vart etter kvart banemeister. Brekke var involvert i fleire dristige redningar av tog som køyrde seg fast i snøen. I enkelte tilfelle var det behov for å krypa inn under toga for å få dei laus. Brekke vart også involvert i elektrifiseringsarbeidet på Bergensbana som sikkerheitsansvarleg.

Under hundreårsjubileet til Bergensbana vart han trekt fram og hylla som ein av dei som har kjempa for at Bergensbana skulle kunne vera open trass i vêr og vind. Han vart også med på å opna ei ny utstilling på Finse.

Share to