• Photo: Einar Grieg (Opphavsrett)
  • Photo: Einar Grieg (Opphavsrett)
  • Photo: Helge Sunde (Opphavsrett)

Hallingskarvet Nasjonalpark

Det høgaste fjellet sør for Jotunheimen og for mange eit viktig turmål

Ein går ut frå at fjellkjeda vart danna for om lag 450–480 millionar år sidan. Den kaledonske fjellkjedefaldinga gjorde at ei stor plate vart danna oppå den gamle havbotnen i det som no er Sør-Noreg. Etter mange istider og millionar av år med erosjon står det i dag igjen restar etter denne plata. Hallingskarvet er ein slik rest.

Sjølve fjellet er om lag 35 kilometer langt og varierer i breidde frå nokre hundre meter og opp til eit par kilometer. Den høgaste toppen er Folarskardnuten på 1933 meter. På toppen ser du i alle himmelretningar og har oversikt over store delar av det sørlege Noreg. Ei fin oppleving, men turen er ekspedisjonsprega og ein bør planlegge turen nøye. Fint vêr er ein føresetnad.

I 2006 vart Hallingskarvet verna som nasjonalpark av Kongen i statsråd. Føremålet med vern er i all hovudsak å ta vare på eit tilnærma urørt høgfjellsområde, men har også fokus på at villreinen skal vernast for ettertida, og Hallingskarvet er eit viktig beiteområde for denne arten.

Ei viktig årsak til at beiteforholda rundt Hallingskarvet er så gode, er at den gamle havbotnen inneheld mykje kalk og dette fremmar veksten til ei rekke plantar i ein kort og hektisk vekstsesong. 

Nasjonalparken er tilgjengeleg for dei fleste. Du kan kome inn mot han frå alle kantar. Ulvik herad med Finse som høgaste stasjon på Bergensbana med sine 1222 meter over havet, ligg tett inntil nasjonalparken, og mange har gleda av å bruka området til rekreasjon og ulike aktivitetar. Det finst både hotell og turisthytte på staden. Tilkomsten er avgrensa til tog heile året, og sykkel om sommaren.   

Den største delen av nasjonalparken ligg i Hol kommune, og det er mange innfallsportar til gode turopplevingar i området. Det er vanskeleg å koma utanom Prestholtseter, der du kan kome opp i over 1800 meters høgde på ein sti som er restaurert av sherpaer frå Nepal. Tilrettelegginga sørger for at turen er for alle. Målet med restaureringa er å forhindra ytterlegare erosjon som følge av auka ferdsel og stadig aukande nedbør.

De irske lordane som kom til Noreg på 1800-talet og ynskte å jakta i området brukte også Hallingskarvet mykje. Lordane er skildra i ein eigen artikkel.

Hallingskarvet nasjonalpark var fram til 2011 forvalta av de tre fylkesmennene i høvesvis

Hordaland, Sogn og Fjordane og Buskerud. No er det etablert eit forvaltingsstyre som med tre kommunale og tre fylkeskommunale representantar. Det er tilsett ein eigen nasjonalparkforvaltar som er sekretær for styret. Forvaltaren held til på Geilo og har eit nært samarbeid med Statens naturoppsyn og andre aktørar med interesse i parken.

Nasjonalparken får besøk av mange turistar kvart år, og er eit populært utfartsmål også for fastbuande. Langs toppen av fjellkjeda finst det fleire isbrear, der den største er Hellevassfonni. Denne breen er om lag 4 kvadratkilometer stor. Det finst i tillegg mange mindre brear. Klimautviklinga ser likevel ut til å føra til at breane blir mindre for tida.

Share to