• (Opphavsrett)
  • Photo: Anders B. Wilse (Opphavsrett)

Første verdskrig

Transportevna til Bergensbana vart sett på ein stor prøve under første verdskrig.

Under første verdskrig vart fleire grenser stengde, og det var dårlege tilhøve for reise i Europa. Dette gjorde at nøytrale Noreg, som hadde dampskipsforbindingar mellom Bergen og Newcastle, vart eit populært reisemål. Og det vart opp til Bergensbana å frakta passasjerar, post og gods til eller frå Bergen hamn, som skulle vidare til eller kom frå Newcastle.

Det vart sett opp ekstra vogner i alle passasjertoga og godstoga, og til tider gjekk det opptil fleire ekstra avgangar kvar dag. Særleg var det mange reisande frå Russland og Frankrike, og menyane i restaurantvognene vart etter kvart å finna på fransk og russisk. I 1917 vart det til og med avslørt at tyske spionar hadde nytta Bergensbana!

Godstrafikken auka også betrakteleg, og det var eit vanleg syn at alle spora inn til Bergen stasjon var sperra av fulle godsvogner som endå ikkje hadde vorte tømde. Ein kan utan tvil seia at første verdskrig var den første skikkelege testen av kapasiteten på Bergensbana.

Share to