Vasshjulet på Kvennøya

Hei, bli med over brua! Eg lurar på om det var denne elva dei tre bukkane Bruse måtte over. Viss det er sant, så er det eit trøll i fossen her.

Nå er me snart på Kvennøya. Sjå - der, midt på øya ved bekken! Ser du steinfundamenta? Her har det nok vore eit vasshjul. Det var renner oppe på steinane slik at vatnet kom fram til vasshjulet. Eg lurar på om dette har vore ei mølle? Men det er nok lenge sea.

Det er litt rart å tenke på at Kvennøya på ein måte var eit industriområde i gamle dagar. Der rett på nedsida av den vesle brua stod den siste mølla på Kvennøya, som blei rive tidleg på 1960 talet.

Skal me leite vidare? Fyrstemann opp til nåledammen.
 

 

Share to