• Photo: ukjent
    (Copyright)

Hjortlandsstemma i Åsane

Tidlegare var området myrlendt med eit lite vatn (Hjortlandsvatnet). Kontrakta slo fast at stemma kunne vera opptil 12 alen (ca. 7,5 meter) høgare enn dåverande vasstand. Grunneigarane på Hjortland fekk utbetalt ei årleg avgift frå Arne Fabrikker fram til 1945. Tyskarane starta under krigen på ein veg som skulle gå frå Hjortlandsdalen, sør for Hjortlandsstemma og til Arna. Dette var ein såkalla hemmeleg veg, som dei allierte ikkje skulle ha kjennskap til. Vegarbeidarane var russiske krigsfangar frå leiren på Li. Vegen kom aldre lenger enn til Klauvabekken på sørsida av Hjortlandsstemma.

Share to