Kvifor så stor kyrkje på Kinn

Kinnakyrkja ligg på ei av dei vestlegaste øyane i Sunnfjord, ut mot havet. Mange har lurt på kvifor ei så stor kyrkje kunne bli lagt til ein slik utkant. Teoriane har vore mange.

Kvifor ei stor kyrkje i ein utkant?

Av Kristian Jansen

Kinnakyrkja ligg på ei av dei vestlegaste øyane i Sunnfjord, ut mot havet. Mange har lurt på kvifor ei så stor kyrkje kunne bli lagt til ein slik utkant. Teoriane har vore mange:

 Ein teori går ut på at Kinn med Kinnaklova og gjestgiveriet i Kinnasundet har vore både seglmerke og stoppestad i den ytre kystleia. Kyrkja ligg etter denne teorien der på grunn av at dette var ein stad mange reisande var innom. Ofte trengde dei Guds hjelp for å komme seg over dei opne havstykka nordover forbi Stadt eller sør over Stavfjorden.

 Ein annan teori seier at kyrkja ligg i sentrum for eit område der det gjennom århundra har vore rike sildefiske. No veit vi frå gloseboka til presten Jenssen i Askvoll (han laga den første norske ordboka, 1667) at dei som budde på kysten «fiskede en mengde fisk og betalte ingen tiend derav», med andre ord; ein fiskar er her definert som ein skattesnytar. Ved å ha ei kyrkje i sentrum for sildefisket, kunne prestane velsigne både båt og reiskap samtidig som dei kunne følgje nøye med fangsten og sjå til at kyrkja fekk tiende sitt. Av den grunn fekk vi ei kyrkje på Kinn som må seiast å vere større enn det eit vanleg kyrkjesokn i Sunnfjord hadde råd til.

 Ein tredje teori tar utgangspunkt i segna om Sunniva og dei heilage menn på Selje og Kinn. Kyrkja ligg etter denne teorien på ein stad som var knytt til tidleg kristendom på Vestlandet. Det har då truleg stått andre og mindre kyrkjer i området før. Om tuftene av desse kyrkjene enno ligg ein stad under torva ute på Kinn, eller om dei ligg under golvet på den noverandre kyrkja, veit vi ikkje. Området har aldri vore undersøkt med dette for auge, så kven veit...

 Ein siste teori, som er meir fantasifull enn kanskje aktuell, er at kyrkja vart lagt på ein gammal kultplass, som den kristne kyrkja tok over. Dersom den siste teorien skulle ha noko føre seg, kunne ein vente å finne noko som kan knyte staden til ein gammal kult. Vi veit at holer har vore sett på som nedgangen til underverda eller dødsriket. Om hellaren bak kyrkja verkeleg har hatt ein slik funksjon, veit vi ikkje. Den same hola spelar derimot ei kjent og viktig rolle i teorien om Borni og dei heilage menn på Kinn. Ifølgje segna budde Borni og fylgjet hennar i hola mens ho lurte tussen Vindfløy til å byggje kyrkja for seg. Så langt segna. Det vi veit ved å studere hola, er at det har budd folk der. Vi finn restar etter bein frå måltida deira, og vi finn kol og sot frå båla. Viktigast i denne samanhang er at vi finn kalking av hola, som såleis knyter den til bygging av kyrkja. – Dette gjev oss igjen minst to val. Det eine er at hola har vore brukt som bustad for dei som arbeidde på kyrkja. Den andre mogelege grunnen til at hola har vore kalka, er at den kan ha vore brukt som eit kapell. På Selje veit vi at kyrkja inst i hellaren er vigsla til St Mikael. Mikael er knytt til fjell og holer, og er den som vernar Guds rike mot heidningar. Det er ikkje unaturleg at dei første kyrkjene som blei bygd i framandt, heident land blei vigde til Mikael. Hellaren på Kinn kan difor gjerne ha vore eit lokalt Mikaelkapell, på linje med holekyrkja på Selje.

 Ein kan spørje seg om kvifor ikkje kyrkja i holene på Selje og Kinn er kalla opp etter Sunniva og Borni. Svaret ligg vel i at desse kvinnene først kjem inn i segna om heilagmennene på Selje og Kinn omkring 1200. Segna om heilagmennene er gammalt. Ut frå det vi veit om måten keltarane dreiv misjonsverksemd på (dei la ut på havet i opne båtar og let Gud føre dei dit Han ville), vil det ikkje vere unaturleg at segna bygger på verkelege hendingar. Keltiske kristne nådde Island og Færøyane før nordmennene, og med alle dei lågtrykk som kjem over Nord-sjøen, ville det difor vere merkeleg at det ikkje hadde komme både den eine og den andre drivande over Nordsjøen. Vi trur difor at bakgrunnen for kyrkja på Kinn er å finne i tidleg kristendom i vårt distrikt.

 Ei annan sak er at kyrkja slik vi kjenner den i dag, på ingen måte er ei gammal keltisk kyrkje. Det er ei stor og dyr steinkyrkje, så kanskje teori 2 om sidefiske og tiende har noko føre seg når det gjeld korleis kyrkja seinare blei sjåande ut fram mot høgmiddelalderen. Økonomien er med andre ord ikkje grunnen til at kyrkja står der den står, men er grunnen til at kyrkja har den utsjånaden den har i dag. I vikingtid og tidleg middelalder var reiselivet på kysten på ingen måte likt det vi tenker på med reiseliv i dag. Kinn var nok eit viktig sjømerke og stoppestad i leia, men i den tida då kyrkja var bygd, kan ikkje sjøtransport forklare storleik og plassering av kyrkja. Slike ting er komme seinare, når til dømes nordlendingane sjølv begynte å segle tørrfisk til Bergen. Men då var allereie Kinnakyrkja bygd.

Som nemnt er det gjort få undersøkingar under kyrkja og i området rundt. Heller ikkje er Bornihillaren vitskapeleg utgreidd. Vi veit difor sjølvsagt ingenting sikkert verken om tidlege forblåste irske misjonærar eller om bruken av hellaren. Men ut frå det ein kjenner frå segna og om tilhøva på Selje, er det spennande å tenke seg til kva som er bakgrunnen for denne kyrkja vest i havet.

(Artikkel frå Kinnaspelet sitt programhefte, 1997)

Share to