• (Opphavsrett)

Aneroidbarometeret

Forteljinga er frå garden Nese i Eksingedalen og er frå krigsåra

ANEROIDBAROMETERET

Sjølv om tyskarane var lite å sjå - i alle fall bortom elva hjå oss - vart fantasiforestillingane desto livlegare. Me var tre - fire kameratar som farta mykje omkring i utmarka på begge sider av elva. Ein fin kveld tidleg på sommaren hadde me vore i Stornesbotnen rett ovanfor husa våre. Der stod det ei utløe som tilhøyrde Oppane. Om vintrane var ho jamt stappfull av markahøy, men no tidleg på sommaren stod løa tom og kunne brukast som hytte - ein grei stad å ophalda seg, utan for mykje kontroll av vaksne.
Men no var det på tide å koma seg heimatt, og me kappsprang nedover lyngrabbane utmed bekken.
Bråstopp ! Eit bleikt, oransjefarga, ovalt flak låg framfor oss i lyngen. Tynne stålwirar gjekk frå flaket og bort til noko blankt ,apparatliknande eit par meter unna. Me tok oss ikkje tid til å stogga opp og granska dette nærare. Dette var fårlege greier, som heilt sikkert hadde noko med krigen og tyskarane å gjera.
Han Oppe-Johannes hadde ein uvanleg frodig fantasi, ja, han gjekk vel helst for å vera ein skrønepave. Stilane han skreiv på skulen var langt meir fantasifulle enn det me andre produserte, men læraren brukte opp raudblyanten sin på dei.
Når me no halsa vidare ned mot bøen vår, var han Johannes heilt sikker på at han hadde sett nokon som fór ned i eit hol og drog dette flaket over seg. Tyskarar ! Nazistar ! Spionar ! Ingen tvil. Her låg dei og spionerte på oss nedpå garden og sende meldingar til Tyskland.
Nedpå tunet måtte me overtyda skeptiske vaksne om at me verkeleg hadde sett noko mystisk. Eg kan ikkje hugsa at nokon av dei vaksne hadde lyst til å gå oppom garden og undersøke saka nærare. Men dette hende i ei tid då læraren ikkje berre hadde mykje høgre løn og meir fritid enn folk flest, men han hadde autoritet , tillit og kunnskap. Vår lærar heitte Kåre Flåskjer, var frå Vartdal på Sunnmøre og kunne både tysk og engelsk. Dertil hadde han piano, som han endåtil kunne spela på ! No måtte han setjast inn i saka ! Ein ordonans vart send av garde på sykkel (dette var mange år før det kom telefon i Storneset).
Flåsker’n , som han vart kalla til dagleg, losjerte på ”Dalastova”,eit pensjonat 2 – 3 kilometer lenger opp i dalen. No kom han og vart rodd om elva. Etter kvart kom det fleire vaksne (karar) til, som var forvitne på kva dette kunne vera.
Om Flåsker’n gjekk åleine opp til dette mystiske, eller om nokon fylgde etter på avstand, veit eg ikkje, men eg veit i alle fall at eg heldt meg i ro nedpå tunet. Kor lang tid det gjekk før ekspedisjonen kom nedatt, veit eg heller ikkje. Men at læraren vann seg endå større tiltru med dette, er eg heilt sikker på. Ikkje berre våga han å nærma seg dette som kunne vera fårleg, men han kunne lesa og forstå opplysningar som han fann i dette apparatet, og som rett nok var på tysk.
Det oransje flaket var altså ein flat ballong, som nok hadde lege minst ein vinter under snøen. På slep etter ballongen hang denne apparatdelen, som inneheld barometer, termometer og ein liten radiosendar med batteri. Altså nokså ufårlege greier med oppgåve å rapportere ned til stasjonar på bakken om meteorologiske fenomen høgre oppe. Barometeret hamna i ”fysikksamlinga” på barneskulen. Læraren brukte det når han fortalde oss om aneroidbarometeret. Eg trur knapt nokon andre barneskuleelevar har fått så levande undervisning om dette barometeret. Me hadde så menn funne det sjølve ! Då eg 10 – 12 år seinara kom som halvferdig lærar attende til den same skulestova, låg barometeret framleis i ”samlinga”. Og eg brukte det sjølv i undervisninga. Elevane fekk klemma på den bylgjeforma boksen og såg korleis visaren flytta seg på ein skala.
 

3 comments

  • Godt fortalt! Det hadde vore interessant å sjå bilde at dette barometeret, dersom det framleis eksiterer.
  • Artig og levende historie!
  • Er det noko å leite fram i den gamle skulestova no, tru? Eg vert gjerne med for å sjå.

Share to