• Photo: Åse Bitustøl © Riksantivaren (Opphavsrett)
  • Photo: Jiri Havran © Riksantikvaren. (Opphavsrett)

Kongeleg utedo-grubling

Skal, skal ikkje?

Harald Hårfagre slår knyttneven hardt i utedass- veggen.

Mannen som vil samle Noreg til eitt rike er full av attrå, lyst og fandenskap. Og vilt forelska i møya Snøfrid Svåsedotter – vakker som ein høg himmel. Å! Han må fri – no!

Men tvil. Skal, skal ikkje?

Her på utedassen på Tofte kongsgard på Dovre sit han, og ikkje berre fordi mjøden må ut. Han må tenkje og bestemme seg. I morgon reiser han vidare over Dovrefjell.

Skal, skal ikkje?

Harald dreg på seg broka og lar fingrane stryke skjegget. Han har bestemt seg. Skal!

Kven veit kva slags do Hårfagre sat på?  Det er nok mange utedoar som har vorte sett opp på denne garden gjennom tidene,  men i dag ser du faktisk ein utedo som er bygd på utsida på veggen i andre etasje her på garden Tofte på Dovre .

Garden og frieri-historia om Hårfagre og Snøfrid blir omtala i Snorres kongesagaer.
 

2 comments

  • Ikkje siste trøndelagsfararen som har hamna i slikt eit dilemma på Dovre!
  • Det er mangt og mykje ein stakkars kar må tenkje på.

    Artig skrive

Share to