• (Copyright)

Kameraet til Torleif

Det er eit Kodak-kamera som kan ta bilete frå lang avstand. Kameraet er laga i Tyskland, men vart også selt i Noreg. Torleif fekk pengar til konfirmasjonen sin og ønskte å bruke dei til å kjøpe seg eit fotoapparat. Han kjøpte det hjå Winterbro i Kristiansand i 1962. Det er altså 47 år gamalt no.

Om kva kameraet har betydd for Torleif fortel han sjølv: - Eg hadde stor glede av kameraet og brukte det i mange ulike situasjonar: På fjellturar, 4H-turar, ulike utstillingar, konfirmasjonar og i bryllaup. Eg har nok tatt over tusen bilete med det kameraet.

Torleif kjøpte seg nytt kamera fordi han ønskte seg eit betre og nyare. Særleg ønskte han seg eit fotoapparat med sjølvutløysar, slik at han kunne ta bilete av seg sjølv saman med andre. No har Torleif eit digitalt fotoapparat med mange funksjonar som ikkje er på det gamle kameraet.
Kjelde: Harstad, Torleif B.; intervju; 05.10.2009
 

Share to