• Photo: ukjent (Opphavsrett)
  • Photo: Knud Knudsen. KK 1040 (Opphavsrett)
  • Photo: Ann Steindal (Opphavsrett)

Skjervet

Skysstasjonar

Først på 1700-talet vart det farande veg over Skjervet, i dette hovudsambandet mellom Hardanger og Vossebygdene. Det var skysstasjon på Eide ved Granvinsfjorden, på Øvre Vassenden ved Granvinsvatnet og på Flatlandsmo.

Omlagd fleire gonger

Frå Voss gjekk også ein mykje nytta veg frå Flatlandsmo over fjellet til Folkedal ved Granvinsfjorden. Vegen gjennom Skjervet vart omlagd fleire gonger på 1700- og 1800-talet. Alt i åra 1817 og 1825 kjørte biskopane Pavels og Neumann her med hest og vogn, men dei store utbetringane kom etter 1840. Kjørevegen gjennom Skjervet var den første vegsaka som kom opp på det første fylkestinget i 1838. Løyvinga vart vedteken med den grunngjevinga at vegen måtte prioriterast, då det var det einaste kjørevegsambandet mellom Hardanger og Bergen. 

Køyreveg

Etter ei større omlegging i 1870 vart det samanhengande kjøreveg heilt fram til Eide. Det var då på tale å leggja ned skysstasjonen i Øvre Vassenden, men på grunn av behovet for embetsreiser i distriktet – futen og sorenskrivaren – vart skysstasjonen her først nedlagd etter første verdskrigen, då bilane overtok.

Krigskampar

I andre verdskrigen var det kampar mellom norske og tyske militæravdelingar i Skjervet, 25. april 1940. Norske stillingar i jernbanetunnelane gav eld mot tyske troppar som rykte fram frå Eide.
 

Share to