• Photo: Nils Georg Brekke. (Opphavsrett)

Austmenn i fjordbygdene

Arbeidsvandring

Dei første rosemålarane frå Telemark dukka opp i Hardanger mot slutten av 1700-talet, men det var særleg frå 1820-åra at den store ekspansjonen kom. Kanskje mellom 30-40 % av rosemålarane i Telemark var ute og henta seg forteneste i andre bygdelag. Mange var også med i sildefisket. Det gjaldt å henta pengar der det var pengar å tena.

Thomas Luraas

Ein av dei som det har spunne seg flest soger omkring, er Thomas Luraas (1799-1866) frå Tinn i Telemark. Han førte eit eventyrleg og omflakkande liv og var med jamne mellomrom på målarferd til Hardanger og hordalandsbygdene i nærare 40 år, frå 1820-åra til 1860. Andre velkjende austmenn var Bjørn Bjaalid (1791-1859), Jon Torbjørnson Geiskelid (1798-1866) og Hans Olavsson Glittenberg. Dei var dyktige og etterspurde målarar og kom att år etter år, så lenge det var forteneste i denne handverksproduksjonen. 

Share to