• Photo: Ann Steindal (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)

Smedholmen

Like ved leia frå Fitjar til Engesund ligg Smedholmen. Holmen har frå gammalt av vore kalla Kjeaholmen og har vore utmarksbeite for Vestbøstadgardane.

Skyss-skaffar

Truleg vart holmen rudd og bygd på 1600-talet. Brukaren var skyss-skaffar for Engesund skyss-stasjon. I 1745 er skaffaren nemnd: «Wed Engsund... Svend Kiholmen som niuder af hver Mand 4 skilling skaffertold».

Børsesmedar

På Kjeaholmen busette det seg ein børsesmed, og smedtradisjonen vart ført vidare i fleire generasjonar. Dei hadde arbeid som smedar for Søndhordland Kompani, og dei vart gifte inn i kjøpmannsaristokratiet. Smia er riven. Ho stod nede ved sjøen, nord for stovehuset. Men holmen vert enno kalla Smedholmen, etter smedane.

Leirskule

I dag er det Smedholmen Kyst- og naturlivsskule som leiger holmen av Miljøverndepartementet og Fitjar kommune; ein velorganisert leirskule med kystkultur og gamle bruksbåtar.

Share to