• Photo: Jan Aakvik (Opphavsrett)
  • Photo: Ragnar Albertsen (Opphavsrett)
  • Photo: Beutlich (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)
  • Photo: Liste frå Beutlich. (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)

Den optiske telegraf - Den nordenfjeldske kystsignallinja

Styrking av kystforsvaret

For betre å kunne organisere eit dårleg utrusta kystforsvar blei det foreslått å opprette kysttelegraf på strekninga Trondheim - Stad. Fleire utformingar blei vurdert, mellom anna ein variant av den svenske optiske telegrafen som var tatt i bruk i 1794. Denne hadde tre armar og ti luker og kunne sende over 1000 ulike talsignal.

Talsignal som kode

Den norske optiske telegrafen som blei utprøvd i 1808 hadde to armar med tre luker på kvar. Kvar luke kunne synast både opp og ned på armen og totalt kunne 229 ulike nummersignal visast. Kvart nummersignal hadde si spesifikke meining som var gjengitt i ein eiga kodebok. Etter kvart vart ein enklare modell vald med 120 tallsignal og litt større innbyrdes avstand mellom lukene. Dette blei billegare og det viste seg at 120 talsignal var nok. Talsignala hadde for det meste militær betyding, men også forsyningsmessige meldingar hadde nokre talsignal. Eit signal betydde at to engelske krigsskip var observert ved Kristiansund, medan eit anna varsla om at Kristiansund trengde korn. Den nordenfjelske kystsignallinja blei sett i drift i 1809. Tårna blei sett opp langs dei ytre kystøyane, med fri sikt mellom kvart punkt, og helst utan forstyrrande bakgrunn. Med kikkert kunne ein frå eit mastepunkt sjå ein melding og sende den same meldinga vidare opp og ned kysten. Totalt blei det sett opp 42 master på strekninga Kristiansund - Trondheim. I Trondheim og Kristiansund var det større hovudstasjonar, og undervegs var det hovudstasjonar ved Skipnes, i Aure og ved Munken som ligg ved innløpet til Trondheimsfjorden. Ved kvar av dei andre mastene blei det bygd ei enkel og solid hytte som mannskapet budde i.

Kostbart system

Mange av mastepunkta låg avsides og vêrhardt til og dei måtte vere konstant bemanna. Dette kravde mye mannskap med opplæring og godt utstyr. Linja mellom Trondheim og Kristiansund fekk også to telegrafinspektørar som skulle sørgje for at alle mastene var fullt operative. Å bygge master og hytter, kjøpe kikkertar, lære opp og lønne mannskap var ein kostbar affære.

Angrep på Runde i Herøy

Tanken var å kople opp linja vidare mot Stad, og derfrå ha kontakt med Den vestenfjeldske kystsignallinja frå Flekkefjord - via Stavanger, Bergen til Fedje (i Sogn og Fjordane) og slik komme i kontakt med Den bergenske flåten. Eit engelsk angrep på ein mastestasjon på Runde i 1810 viser at også linja frå Kristiansund - Stad sannsynlegvis var fullt operativ, men denne er ikkje særlig godt beskrive og kartlagt i dag. Den vestenfjeldske linja stod i sin tur i kontakt med den austenfjeldske signallinja som gikk frå Flekkefjord til Oslo, og vidare til Fredrikstad og Halden.
 

Ved Kristiansund stod ei mast på Skorpa og ein hovudstasjon ved sjølve byen. I dag er hovudstasjonen, via mang ein omveg, framleis bevart og den er oppbevart på Nordmøre museum.

1 comment

  • Interessant og lærerikt.

Share to