• Photo: Inge Aarseth
    (Copyright)

Bolladalen og Reinungatunnelen

Ein knapp kilometer etter Seltuft gjer Rallarvegen ein sving inn i Bolladalen. Der vegen kryssar elva er det årvisse snøskred som ofte tek med seg store steinblokker og tre.

Ein knapp kilometer etter Seltuft gjer Rallarvegen ein sving inn i Bolladalen. Der vegen kryssar elva er det årvisse snøskred som ofte tek med seg store steinblokker og tre. Snøskred mot bana oppe i fjellveggen var også grunnen til at dei bygde betongoverbygg her i byrjinga av 50-åra. Her er innslaget til Reinungatunnelen (1,8 km) som kryssar fleire forkastingar med sprokke fjell. I anleggstida rasa tunneltaket ned fleire stader. Det var fleire dødsulykker og arbeidet vart seinka av at ein måtte mura nye kvelvingar. Forkastingane kryssar dalen og ein ser dei som små dalsøkk på nordsida.

Share to