• Photo: Akvarell av Nils Hertzberg
    (Copyright)

Spånheim

Riddarar

Håkon Håkonssons saga fortel om Ogmund på Spånheim, som gjorde ei namngjeten Jorsalferd kring 1218. Peter på Spånheim, som er nemnd første gong i 1293, er nok den same Peter som vart riddar i 1301. Sønene til Peter fekk høge stillingar. Riddaren Bård Peterson vart jamvel kanslar hjå Håkon Magnusson.

Segn

Gjennom tidene har del spunne seg soger om at dei gamle murane på Spånheim var restar etter eit kloster. Det som også har halde liv i denne segna, er ein gravstein som låg i den gamle Ulvik-kyrkja. Gravsteinen ber biletet av ei tilsløra kvinne liggjande på kne. I den eine handa held ho ei bok; med den andre peikar ho mot himmelen. Innskrifta fortel at her kviler Sigrid Reidarsdotter. Nonne var ho gjerne, men neppe abbedisse i eit gammalt spånheimskloster.
 

Share to