• Photo: Knudsen, K. Co. 1906 - 1911 (Opphavsrett)
  • Photo: Anders Beer Wilse (Opphavsrett)
  • Photo: Anders B. Wilse (Opphavsrett)

Finse hotell, hotellet for dei fornemme

Hotellet vart fort ein samlingsstad for dei fornemme og kultureliten som ynskte å oppleva kombinasjonen av fest og norsk fjellnatur.

Norsk identitet til fjells
Dei fyrste gjestebøkene syner eit overraskande stort tal utanlandske gjestar. Sport og fritidsaktivitetar, og særleg skisport, hadde fått stor merksemd mellom anna gjennom polekspedisjonane. Nokre av dei nye utanlandske skituristane brukte òg Finse som treningsstad. Den verdskjende Fridtjof Nansen synte veg i skiløypa. Han sikra skiløpinga sin status som ein urban og moderne aktivitet blant dei fornemme. Maleriet av han ute på Finsevatnet heng ved inngangen til matsalen – gå berre inn og sjå. For overklassen sine kvinner vart skiløypene ein stad der dei kunne trekkja i det mest tydelege teikn på frigjering og likestilling: bukser.

«Finseklanen»
Det var den øvste overklassa frå endestasjonane som strøymde til hotellet. «Nikkersadelen» gav friluftsliv i høgfjellet ein frisk, rein og vakker aura, i skarp kontrast til byane si aukande forureining, fattigdom og tronge butilhøve. Påkledinga var sporty på dagtid, på kveldstid var det dans til levande musikk i lange kjolar, smoking og lakksko. Gjestane var skipsreiarar, skog- og fabrikkeigarar som hadde råd til å feriera lenge før ferie med løn vart ein ålmenn rett i 1936. Den kulturelle eliten var og tidleg på pletten. Mange norske forfattarar drog hit, og Nils Kjær let Vestlandsfanden dukka opp for fyrste gong i «gråsteinsherlegdomen» her. Knut Hamsun, Hulda og Arne Garborg, urbane og urnorske på ein gong, var blant dei toneangivande som trekte hit for å nyta kombinasjonen fjell og fest. Kan hende trefte dei Karen Blixen? På Rallarmuseet får du meir historie…

 

Share to