• Photo: Bergen Museum (Opphavsrett)
  • Photo: Etter Rygh 1885, fig 504. (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)
  • Photo: Bergen Museum (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)

Gravfunn frå Grytastranda

Bronsesmykke i Jellingstil

Kva ein finn i dei ulike gravene frå jarnalder varierar. Nokre graver er tomme, medan det kan vere mykje å finne i andre. Gravfunn gjer i mange tilfeller at arkeologar kan finne ut kva periode grava tilhøyrer. Bronsespenna som vart funne i langhaugen på Gryta er det ikkje funne mange av i Noreg. Dekoren som er brukt på spenne derimot, finn ein på mange ulike typar gjenstandar i Noreg. Den er kalla Jellingstil etter eit sølvbeger funne i eit gravkammer i Danmark. Denne stilen var vanleg ifrå om lag 860 e.Kr til eit stykke ut på 900-talet.

Ein brent båt

Båtgraver starta ein å bygge i perioden merovingartid, om lag 570 e.Kr, men er mest utbredt i vikingtid. Haugen med båtgrava på Gryta har vore 5-6 meter lang og 1,5 meter høg. Over heile botnen av grava låg eit kollag og ei mengd skipssaum som syner at båten i grava har vore brend. I tillegg vart det funne både sverd, øks og tre piler. Funna i grava synar at dette har vore ein mann med midlar til å skaffe seg både eit våpensett og ein båt. Kanskje var det bonden som dreiv garden som vart gravlagd her?

Flotte gjenstandar frå vikingtid

Gjenstandane frå vikingtid er ofte flott utsmykka, slik som spenna og sverdet frå Gryta er døme på. Når ein finn slike gjenstandar i jorda, kan det like gjerne sjå ut som ein rustklump for eit utrena auge. Særleg når det gjeld metallgjenstandar, er det viktig at funna kjem inn til musea. Her vert gjenstandane tekne i mot av konservatorar. Desse er spesialistar på å ta seg av jarn og organisk materialet slik at gjenstandane ikkje råtnar eller rustar. Når skjøre gjenstandar kjem frem etter tusen år i stabile, mørke forhold under jorda, startar prosessar som sakte, men sikkert øydelegger dei utan rett behandling.

Konservatorane nyttar røntgen og studerar funna i mikroskop. Slik kan ein del av funna førast tilbake til opphavleg stand, medan andre kan rekonstruerast. Det er nesten utruleg kan som kan skjule seg i ein jarnklump, og det er freistande å samanlikne nokre av desse gjenstandane med forteljinga om Den stygge andungen.

Share to