• (Copyright)
  • Photo: Illustrasjon frå sjølvbiografien «Gjest Baardsen – Sogndalsfjærns Levnetsløb» frå 1877
    (Copyright)

Galnemåndagen

Storm og forlis

Det var stilt og roleg ver frå morgonen den dagen, men litt ut på dagen bles det brått opp ein kraftig nordvest storm med snøtjukke. På strekninga mellom Bømlo og Bergen forliste nær 30 jekter og andre større fartøy, og endå verre gjekk det med dei mindre båtane.

Under sildefisket

Frå Fusa og Os var det mange som reiste til Sund og Austevoll på sildefiske. Der budde dei gjerne frå januar til mars, og dreiv garnfiske vest i havet. Dei færraste hadde part i større båtar, og det var difor mange som rodde i færingar eller trekeipingar, med plass til to mann og to garn. 11. mars 1822 var vårsildfisket på det næraste slutt, og ein del båtar hadde alt vendt heim. Det var likevel mange som gjekk ut denne dagen og, og det var desse småbåtane frå Fusa og Os som var hardast råka av uvêret.

47 menn frå Os prestegjeld

Frå Os prestegjeld, som den gongen omfatta Fusa, Os og Samnanger, kom 47 mann bort på Galnemåndagen. Dei fleste av desse var frå Fusa-bygdene.

Share to