• Photo: Svein Nord
    (Copyright)

Færøysund

Ustabil marknad på 1600- og 1700-talet

På 1600-talet var det både gjestgjevarstad og handelsstad her, men han kunne ikkje tevla med Bekkjarvik, Engesund og Brandasund, som låg nær dei rike fiskefelta. Difor var det vanskeleg å klara seg her, og busitjarane flytta ofte. I 1700-åra og tidleg på 1800-talet ser det ikkje ut til at det vart drive handel her, for det er i denne tida berre tinglyst kongeleg privilegiebrev for gjestgjevarverksemda.

Oppblomstring på 1800-talet

Då handelen vart frigjeven i 1842, blomstra Færøysund opp, og her vart det både dampskipsstoppestad og postopneri. Den empire-prega hovudbygningen, med fine louis-seize-detaljar innvendig på listverk og dører, skal vera fytta hit i 1858 frå Litle-Bergen eller Fana. Det står også eit sjøhus, ei krambu og ei løe på bruket, medan bakeriet og bondestova er rivne.

Overnatting i unikt miljø

Hovudhuset på den tidlegare gjestgjevarstaden er nyrestaurert og opnar dørene for nye gjester, med gode overnattingsrom på loftet og i krambua - og ein færing til fiske på fjorden.

Share to