• Photo: Nilsen Helge Gilje (Opphavsrett)
  • Photo: Helge Gilje Nilsen (Opphavsrett)

Huse

Lokalt maktsenter

Sjølve namnet Huse — dativ eintal av hus — kan tyda på ein samanheng med Huseby-namnet som er kjent frå andre stader: ei hus-samling ved eit administrativt eller militært sentrum. Det høver på Huse; ein stor og god gard nær kyrkje, tingstad, marknadsplass og leidangsskip — ein «kongens gard» som etter rikssamlinga vart sete for lokale ombodsmenn. Snorre nemner at kring 1200 sat kong Sverres frende, Martein kongsfrende, i Kinsarvik. Truleg heldt han til på Huse.

To bruk

Garden var alt i mellomalderen delt i to bruk. Stova i det nedre tunet vart riven i 1870, medan stova i det øvre tunet framleis står; prega av høg handverkskunst i den forseggjorde portalen med halvsøyler, tausnoingsmotiv og elegante konturliner på avbladingane, der dei storlagde tømmerstokkane beiter inn i beitskiene.

Share to