• Photo: Inge Aarseth (Opphavsrett)

Bordalsgjelet – spennande natursti

Elvegjelet i munninga av Bordalen ligg berre 2 km frå Vossavangen, på sørsida av elveosen ut i Vangsvatnet.
Gjelet er gjort tilgjengeleg ved ein natursti frå parkeringsplassen på vestsida av brua. Tavler syner korleis gjelet er danna. Ein kan gå ned under brua eller inn gjennom gjelet og sjå kjempestore jettegryter. Gjelet er grave ut i den mjuke fyllitten i botnen av den hengjande (eldre) Bordalen etter at isbreen hadde grave ut Vossabassenget. Steinar av hardare gneis frå øvre del av Bordalen har fungert som gravereiskapar, og når Vangsvatnet vart senka av breen fekk Bordalselva større fart og auka gravinga langs sprekkesoner i fyllitten.

Share to