• Photo: Svein Ulvund
    (Copyright)
  • Photo: Anders Mossing
    (Copyright)
  • Photo: Dan Pancamo
    (Copyright)

Dyrelivet langs Hallingskarvet

Ei lang rekke dyreartar har nasjonalparken som sitt leveområde.

Den arten som flest tenkjer på er villreinen, som er ein jaktbar art. Det føregår villreinjakt kvar haust i nasjonalparken. I tillegg er både hjort og elg representert, om enn noko meir sporadisk. Området rundt Hallingskarvet har gjennom mange tusen år vorte brukt som jakt- og fangstområde. Det finst eit stort tal kulturminne som fortel si tydelege historie om kor viktig dette området var for menneska for fleire tusen år sidan. Det finst fangstanlegg som er daterte til å vera om lag 8000 år gamle. Dette er spennande stadar å besøka – men ver forsiktig så dei gamle minna ikkje blir øydelagde.

Blant rovdyr er det ein sjeldan gong streifdyr av ulv og jerv som passerer gjennom på vandringane sine. Det er også starta eit prosjekt for å byggja opp flokken av fjellrev i området. Denne vart etter kvart utrydda. Fjellreven kan du lese meir om i eit eige kapittel.

Av andre spennande artar er fleire store rovfuglar ofte å sjå. Kongeørn, jaktfalk og myrhauk, med fleire, er fuglar som ein ofte kan sjå.

Langs Rallarvegen finst det mange høve til å observera både fuglar og dyr som oppheld seg i området.

Share to