• Photo: Ørjan Engedal (Opphavsrett)
  • Photo: Bergen Museum. Negativ nr. B1972 (Opphavsrett)
  • Photo: Luftfoto av Statens kartverk (Opphavsrett)

Ulsteinsverdet

2800 år gamalt

Sverdet er typisk for den femte perioden av bronsealderen (900-700 f.Kr.), altså om lag 2800 år gammalt. Karakteristisk er den smale klinga utan ribber eller dekorelement, og grepstangen som gjev namn til typen: grepspissverd. Slike klinger vart nytta med grep i bronse, eller grep laga utelukkande av tre eller bein. Når ein, som i dette tilfellet, finn klinger utan grep går ein gjerne ut frå at det har vore laga av tre eller bein som har rotna vekk.

Produksjonsteknikk

Slike sverd vart oftast støypte i støypeformer av keramikk. Ei støypeform til liknande sverd frå Ellingsøya i Ålesund, viser at sverd også vart støypte lokalt i klebersteinsformer. Om sverdet er importert frå Sør-Skandinavia eller om det er støypt lokalt er såleis vanskeleg å seie. Den eksakte legeringa i Ulsteinsverdet er ukjend, men me kan gå ut frå at ho liknar legeringane brukte elles i Norden i same tidsrommet – kopar legert med kring 10% tinn.

Funnstaden

Sverdet vart funne i grusen under ein stor stein i ura nedanfor Ulsteinhetta, og kom til syne da ein fjerna ein annan stein ved sidan av. Det var knekt i to, men har hatt ei samla lengde på nær 70 cm. I kva for samanheng sverdet er lagt ned er vanskeleg å avgjere ut frå dei sparsame opplysingane. Kanskje er sverdet ofra til høgare makter, eller ein har hatt grunn til å gøyme det vekk. I strandflata på Gåsneset, nordvest for funnstaden, er fleire rullesteinsrøyser. Det er ikkje gjort funn i desse, men fleire av røysene har ei form og plassering i landskapet som minner om gravrøyser frå bronsealderen.

Rekonstruksjonen

Rekonstruksjonen er ikkje ein eksakt kopi av Ulsteinsverdet, men av same generelle type og med tilsvarande breidde og lengde. Rekonstruksjonen er støypt i sandform, av ei legering sett saman av 88% kopar og 12% tinn (tinnbronse). Metallet nytta er såleis i høgste leia av tinninnhald ut frå det som var vanleg i perioden. Sidan grep i tre/bein sjeldan er bevart, har bronsegrep frå Danmark og Sverige vore inspirasjon i rekonstruksjonen. Grepet er laga av eik. Kopien av bronsesverdet er laga av Ørjan Engedal.

Share to