• Photo: ukjent, utlånt av Øygarden kulturkontor. (Opphavsrett)
  • Photo: Ann Steindal (Opphavsrett)

Langhuset frå Oni

Steingavl og rom på rekke

Der huset låg på Oni, hadde det ein stor steingavl mot sør. Innanfor steingavlen ligg ein torvskut i samband med ei sval på austsida framfor inngangsdøra, så kjem eit framrom eller kjøkken med grue, ei stove med lem over, ein mellomgang som vart kalla «nede i bu» eller «Ildstovo» og så ei bu med tømra kleve langs vestveggen. Tidlegare låg det ein stavbygd kleve langs austveggen og eit rom kalla «børo»; her lagra dei korn i ei stor «kornbøre» (kiste).

Mellomalderens byggjeskikk

I dette anlegget er det mange trekk som gjev oss ein peikepinn om at det er mellomalderens byggeskikk vi her ser spor av, den nordatlantiske byggeskikken.

Share to