• (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)

Hammermarka på Åfarnes - ein pionerbustad for jordbruket?

På Hammermarka er det tidlegare funne ein flintdolk og ei tjukknakka, holeggja bergartsøks. Desse blei funne i nærleiken av ein bekk, som truleg svarar til den søndre avgrensinga av planområdet for Veøy Omsorgsboliger. Flintdolken er truleg frå siste del av yngre steinalder (Seinneolitikum, ca 2400-1800 f.Kr.), medan øksa som blei funne noko lengre oppe er liitt eldre (Mellomneolitikum B, ca 2800-2400 f.Kr.). 

Under registreringane blei det påvist to funnområde - eit som dekkjer mykje av dyrka marka i nord, og eit lengst i sør – der flintdolken blei funne. Det kan vere snakk om to buplassområde, men dei kan også høyre saman. Blant funna var eit fragment av ein meisel i bergart som kan vere om lag like gamal som lausfunna. Det blei også funne mange avslag i flint, chert, kvarts og bergkrystall. Dette er restar etter steinalderens reiskapsproduksjon. Eit av dei større avslaga var også bearbeida, og har truleg vore nytta til å skrape skinn. 

Plasseringa i høve til strandlina tydar på at funna er frå yngre steinalder. I eldre steinalder låg nesten heile området under vatn. Den sørlegaste buplassen kan truleg vere om lag 4000 år gamal, frå overgangen mellom yngre steinalder og eldre bronsealder, medan den nordlegaste som ligg noko høgare kan gå tilbake til midten av yngre steinalder (Mellomneolitikum A, ca 3300-2800 f.Kr). Samstundes tyder C14-dateringar på at buplassen var i bruk heilt fram til tida kring Kristi fødsel, og sannsynlegvis heilt fram til i dag.

Yngre steinalder - «jordbrukssteinalderen» - er ein mangfaldig periode med mange uløyste gåter. Registreringane på Hammermarka vitnar om dyrking seinast frå bronsealderen av, men kor langt tilbake går jordbruket eigentleg på våre breiddegradar? Kva slags jordbruk blei eventuelt drive i steinalderen? Det er også sannsynleg å finne spor etter sjølve bustadane på Hammermarka. Husa kan både fortelje om identitet og levebrød. Er det mobile fangstbuplassar eller faste gardsbusetjingar, eller kanskje noko midt i mellom? Kan det vere at begge deler er representert, og kan ein då seie noko om sjølve overgangen frå fangst til jordbruk? Kan ein også gjere funn som fortel noko meir om identiteten til menneska – om dei var «innfødte» som hadde lært seg å drive jordbruk eller «innvandrarar» som hadde tatt med seg denne kunnskapen sørfrå?

Registreringane gjev berre ein liten smakebit på kva som skjuler seg på Hammersmarka, men reiser mange viktige spørsmål til ei eventuell utgraving av lokalitetane.

Lær meir om overgangen frå fangst til jordbruk i Norge - sjå dokumentaren Norske Røter som gjekk på NRK tidlegare i vår.

Share to