• Photo: Svein Ulvund (Opphavsrett)

Sjøvegen frå Vossebygdene

Leidangsskip

I leidangsskipnaden skulle «Vossaveldi» — vossebygdene og Vassveri — også rusta ut langskip. I eit mellomalderbrev frå 1398 er det nemnt at vossebøndene skulle byggja eit nytt leidangsskip på Bolstad. Kjølen skulle vera 30 alen lang, og kvar mann på Voss som betalte kongen skyld og skatt, skulle vera med og dela utgiftene.

Vi skal ikkje heilt avvisa den tanken at leidangsskipa i mellomalderen måtte ha ein opplagsplass nedanfor den grunne Bolstadstraumen, særleg i vinterstider, når Bolstadfjorden fraus til. Då er det nærliggjande å tenkja på vågen ved Skipshelleren.
 

Tingreiser og skyssplikt

Sjøvegen over Bolstad var også den faste reiseruta for tingreisene. Etter forordninga av 1784 hadde embetsmemtene rett på friskyss. Bøndene hadde skyssplikt, som kunne vera til stor plage. Ved den nye skysslova av 1816 vart friskyssen avskaffa, og det vart skipa faste skysstasjonar. Men alt gjestgjevaren på Bolstadøyri i 1757, Christopher Andersen, informerte futen om at han «maatte holde Skuder og Baade parat for hver kommende og farende ...».
 

Dampskipsrute

Så sentral var denne samferdsla, at då den nye tida kom med dampskip og faste rutetider, vart Bolstad ein av stoppestadene i ruta inn Sørfjorden. Men først måtte Bolstadstraumen gjerast djupare. Fabrikkeigar Johan Jebsen i Ytre Arna sette i 1864 dampskipet Arne i fart mellom Ytre Arna og Bergen, og i 1868 vart ruta lengd inn til Bolstad. I åra fram til Vossebanen vart opna i 1883 var dermed dampskipsruta hovudsambandet mellom Bergen og vossebygdene.
 

Indre Nordhordland Dampbåtlag L/L

Seinare vart D/S Voss, bygd i 1870, sett inn i ruta på Bolstad. Evanger fekk også eit dampskip som trafikkerte Evangervatnet: D/S Evanger, bygt i 1877, same året som den nye Arna vart bygd. Denne båten gjekk i mange år i rute på Bolstad. Bygdene langs Osterfjorden fekk båten Osterø i 1880, og Ole Bull Dampskibsselskab sette Ole Bull i fart i 1884 på Sørfjorden og Bolstadfjorden. Seinare vart desse selskapa slegne saman til «Indre Nordhordland Dampbåtlag L/L»

Share to