• Photo: ukjent (Opphavsrett)
  • Photo: Vassvøri sogelag. (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)
  • Photo: Svein Ulvund (Opphavsrett)

Knute Nelson frå Kvilekvål - guvernør og senator i USA

Soga om Knut Nelson er som eit eventyr om Oskeladden. Frå tronge og vanskelege kår i heimlandet arbeidde han seg fram til å verta guvernør og senator i USA.

Den første skandinav i Senatet

Knut var fødd i 1842 i stova på Kvilekvål i Evanger. Mora Ingebjørg var ugift og måtte forsyta guten åleine. Då han var 7 år, lånte ho pengar og tok sonen med seg til Amerika. Trass i vanskar og motgang fekk Knute Nelson, som han no kalla seg, utdanning som jurist, og dreiv som advokat ved sida av farmen. Han vart vald til guvernør i Minnesota i 1892, og til senator i 1895, som den første skandinav. Seinare vart han attvald gong etter gong, og sat i senatet i Washington i 28 år. Han fekk mykje med lovgjevinga å gjera, og var i mange år formann i justisnemnda i kongressen.

Minnesmerke

Utanfor kongressbygningen i St. Paul, Minnesota er det reist eit stort minnesmerke over Knute Nelson, og likeins står det ei minnestøtte over han på Evanger. Knute Nelson miste aldri interessa for fødelandet sitt og vitja bygda to gonger. Stova der han vart fødd, står enno i god stand.

Share to