• Photo: Anders B. Wilse (Opphavsrett)
  • Photo: Svein Ulvund (Opphavsrett)

Stølar på Finse

Arkeologiske funn i Finse-området vitnar om jakt tilbake til steinalderen, for meir enn 7 000 år sidan.

Arkeologiske funn i Finse-området vitnar om jakt tilbake til steinalderen, for meir enn 7 000 år sidan.

Steinbuene har vore nytta i samband med jakt og brukt som felæger fleire hundre år tilbake. Ein har ikkje belegg for stølar i Finse-traktene før på slutten av 1700-talet. Det var gardar i Osa og Ulvik som fekk festeavtale om beite i område aust for Finse, der det var gode beiter. Tidleg på 1800-talet var det mykje strid om beiterettane, men i 1818 vart Finse matrikulert og fekk eige gardsnummer og vart då oppfatta som statsallmenning med utvida bruksrett for gardane i Ulvik.

Stølane var: Torbjørnstøl, Larsastøl (Larsbu, tidlegare drifteleger), Hansbu og Oksabotn. Om Nordenutlegeret òg har vore støl er noko uvisst. I førstninga var kyr vanleg på stølane, seinare mest sau og geit. Det var gode tider for dei som dreiv støl under anleggstida for Bergensbana med sal av mjølkeprodukt og kjøt til arbeidslaga.

Etter 2. verdskrig har stølane etter kvart gått ut av bruk som fylgje av endringar i landbruket. I dag er området nytta som sauebeite.
 
2 comments

  • Ser att de viser bilete av stølen som bestefar min Magnus Sygnestveit og bror hans Arne Sygnestveit bygde på finse. Den var i bruk frå 1906. Den vart så seld til Det Norske Hotelcompangni og så flytta til Ramnabergnuten. Eg har bilete av denne som er teke i 1907.Det som er gale er att Trond Back reiv desse murane og nytta dei i huset som han bygde på Finse. Det var nok utan at Statsskog som var grunneigar var varsla. Det var fine steinar som dei hogg til der borte !

Share to