• Photo: Gunnbjørg Austrheim
    (Copyright)
  • Photo: T. Lofthus
    (Copyright)
  • (Copyright)
  • Photo: Ann Steindal
    (Copyright)
  • Photo: Lena Eikeland Kutschera
    (Copyright)

Sunndal og Bondhusbreen

Kanefart over fonna

Turismen vart ei god attåtnæring for bønder i Mauranger og i Buerdalen i Odda. Turistane steig i land frå cruiseskipa i Maurangerfjorden og vart frakta på hesteryggen opp til brekanten. Hestane vart spente for sledar, så bar det i kanefart over fonna til Odda, der cruiseskipa låg og venta.

Storslegne naturopplevingar

I Sunndal vart det bygt hotell i 1889. Her var det òg krambu, postopneri og rutebåtekspedisjon. Ridevegen opp til Bondhusvatnet vart bygd i 1890, og det vart sett opp ei kvilehytte, Breidablikk, ved brekanten. Vegen frå Bondhusdalen til Breidablikk vert kalla «Keisarstigen». Denne er framleis trygg heilt fram til Fonnabu og byr på storslegne naturopplevingar, med utsyn over Bondhusbreen, eitt av Noregs vakraste brefall.

Share to