• Photo: Margun Farestveit (Opphavsrett)
  • Photo: Ann Steindal (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)

Mo kyrkje

Status som kapell

Då gardane i Modalen byrja å bli busette att utover 1500-talet, fekk kyrkja på Mo status som kapell i Hamre prestegjeld. I 1593 skal kyrkja frå mellomalderen ha blitt riven og erstatta av ei ny tømmerkyrkje. Vanlegvis fekk bygdene i Nordhordland nye kyrkjer i første halvdel av 1600-talet. Når Modalen var så tidleg ute, heng det sannsynlegvis saman med at kyrkja hadde forfalle sterkt i seinmellomalderen då ho ikkje var i bruk.

Utvidingar og endringar av 1500-tals kyrkja

Eter kvart som folketalet auka utover 1600-talet, vart kyrkja frå 1593 for lita. I første del av 1670-åra fekk kyrkja nytt kor. Dette var ein eigen laftekonstruksjon. I 1686 opplyste stiftskrivaren at koret målte 9 x 8 alen og skipet 16 x 11 alen. Over vestre del av skipet var eit tårn og ved inngangen eit våpenhus på 10 x 6 alen. Kring 1700 fekk kyrkja nytt pannetak og i 1718 nytt tårn. Koret vart utvida på nytt i 1831. I 1877 var der 145 sitjeplassar. Tømmerkyrkja frå 1593 vart riven i 1883. Brukande materialar hamna på gardane kring i Modalen.

Ny kyrkje 1882-83

Den noverande Mo kyrkje blei reist i 1882-83, like sør for kyrkja frå 1593. Byggmeister Johannes Øvsthus frå Hosanger stod for teikningane. Kyrkja utgjer eit treskipa langhus under eitt tak, men med eit smalare og lågare kor i aust. Eit lite sakristi er tilbygd i aust, og i vest har kyrkja eit tårn. Byggjekonstruksjonen er av lafta plank, som utvendig har vassrett bordkledning. Midtpartiet av ei altertavle frå 1612 heng i kyrkja.
 

Share to