• Photo: Ove Sveen/Fjordingen (Opphavsrett)

Framtida er her i Davik - ingen tvil!

I Nederland arbeidde eg med organisering av store bedriftsarrangement (selskap og kongresser) i 7 år.

 Høyr Anne fortel om reisa frå heimlandet.

Her i Noreg har eg vore prosjektleiar for Bremanger sitt Rekrutteringsprosjekt i 3 år og Salgssjef i Paneda i to år. Seinare var eg dagleg leiar i Inkubator Vest i Stryn, ein Siva industri-inkubator. Frå januar 2009 har eg leia Framtidsfylket AS. I Framtidsfylket jobbar eg med å rekruttere unge voksne med høgare utdanning til Sogn og Fjordane.

 Høyr Anne om møtet med bygda.

Eg ønskjer ei god framtid, god helse og trivsel for borna mine. Dei må gjerne reise ut og studere, men eg håpar dei vil busette seg i Sogn og Fjordane. Eg håpar at Davik framleis blomstrar om 20 – 30 år. 


Høyr kva tankar Anne har om framtida.
 

Intervjuet er gjort i samband med prosjektet Mangfaldige arkiv ved Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Høyr meir frå det Anne fortel


 

Share to