Frå kommunalt til statleg
Ålesund formannskap søkte i 1877 om at fyrvesenet skulle overta ansvaret for fyret. Eit av argumenta var at fyret låg i den trafikkerte seilleden og derfor var viktig for skipstrafikken som passerte. Vidare var utgiftene til fyret større enn tollinntektene som gjekk til havnevesenet. Fyret vart overtatt av fyrvesenet i 1877.
Fyrvaktaren fortsetter
Den tidligare fyrvaktaren haldt fram som før, men gikk over til å bli lønna av staten. Han fikk ein godtgjersle til bustad, sidan det ikkje var nokon eigen fyrvaktar bustad.
Fyret påbygd
I 1886 blei fyret bygd på med tre meter og man skiftet ut det gamle sideralapparatet med et 6. ordens linseapparat.
Avbemanna
Ålesund fyr ble lagt ned som bemanna fyr i 1889. Men det blei ståande på molohodet, kor det framleis står. Seinare har Molja, som fyret heiter på folkemunne, gjennomgått dei nødvendige forbetringar og moderniseringar slik at det endå er i bruk.