• Photo: Svein Nord (Opphavsrett)
  • Photo: John Bernhard Rekstad (Opphavsrett)
  • Photo: Svein Ulvund (Opphavsrett)

Brekkhus i Teigdalen – eit handverkarsentrum

Leiketøy

Etter 1880-åra byrja mennene her også å laga leiketøy i tre, gyngestolar, sagmenn o.a., og dei vart selde i butikkar i Bergen og Oslo og vidare. På det meste arbeidde åtte mann i verkstaden på Brekkhus; arbeidet heldt fram til 1950-åra. Gulleik Brekkhus vaks opp her, den kjende treskjeraren som har forma «Ridande Vossabrudlaup» (Voss folkemuseum).

Køyrevegen

Ein av dei første køyrevegane som vart bygd i Hordaland, var vegen som bøndene i Teigdalen var med og bygde fram til Evanger, for å få transport for ferskmjølka til Bergen med den nye Vossebanen i 1883. Av nyare dato er køyrevegen over fjellet til Eksingedalen, men sambandet er gammalt. Frå toppen er det eit vakkert utsyn over Teigdalen.
 

Share to