• Photo: Harald Jarl Runde (Opphavsrett)
  • Photo: Olav Runde (Opphavsrett)

17. januar 1864 - Då Rundagarden brann

Før og etter "Branden", heiter det enno på Runde. "Branden" er då det gamle klyngjetunet i Runde brann ned. Det var sundag 17. januar 1864.

På øya Runde finn ein gardane Goksøyra og Runde. I Goksøyra heiter det enno Garden der det gamle tunet var. I Runde sto husa i ei klynge på Rundasanden, sør om nausta. Nedste husrekkja sto så nær sjøen at i uver skola bårene heilt opp under husa. Rundt og oppover flata låg åker og eng i teigebyte, slik som seda var før i tida.

I fylgje tradisjonen tok brannen til ein sundag medan folk var med kyrkje. Herøyboka tidfester det til 17. januar 1864. Brannen tok til i stova hennar Nils-Karn. Karn venta kyrkjefolket heim og hadde sett på middagen. Sjølv svinsa ho frå og til og var ute av stova eit ærend. Ei feittgryte kokte over og det tok fyr i noko vedarusk som låg ved grua. Dermed var det gjort, så tett som husa då sto.

Folk som var heime, berga det som bergast kunne. Krøtera vart jaga "Sy' i Vatne'", der det var nokre utefjøsar. Knute-Lars og kona Nora var i julevitjing hjå slekta hennar inne i Remøya. Det siste Nora gjorde før dei for i vitjing, var å sjå over på stabburet og gledje seg over at dei ikkje var matalause. Der var rikeleg av både spikekjøt, flatbrødleivar og anna mat. Men då dei sundagskvelden kom roande heimatt rundt Kvianeset, låg heile garden i oske. På Flø på hi sida av fjorden såg dei det som hende. Dagen etter kom difor Fløfolket roande ut til Runde med mat og kle.

Nedste husrekkja langs sjøen vart ståande att etter brannen. Ei av stovene står der enno, men bygt om til fjøs og med ny kledning og nytt tak. Ei anna stove som sto att, var Engjeber-stova, kårstova til Ingeborg Sjursdtr på Bnr 6. Stova vart sidan kjøpt av Sørn-Jakob og sett opp att  "Sy' i Vatna". Der står ho den dag i dag som eit av dei eldste husa på Runde.
 

Ein av mine oldefedre - Paul Hansen på Bnr 5 - hadde før brannen flytt ut av tunet og og bygt "Oppe i gara". Han vart difor kalla "Pål onde fjella". No flytte også dei andre bruka husa opp under fjellet, i eit langt rekkjetun.

Kring 1885 vart det utskifting. Fleire måtte flytte husa på nytt. Bruka fekk no dei namna dei sidan har hatt: Åttagarden, Bøgarden, Larsgarden, Massgarden, Isakgarden, Antonigarden og Gonnjagarden, oppattekalla etter brukarane på den tid.

Tuftene har det blitt heitande nede på Rundasanden der det gamle tunet sto.

4 comments

  • Glimrande historie fortelling!
  • Kvar står den omtala Engjeber-stova i dag?
  • Engjeber-stova står framleis akkurat der eg skriv," Sy i Vatna". Dvs Bruk no 2, Jakes-Pål-garden. Men mykje ombygd og forandra gjennom fleire ombyggingar. Så kva som er att eller viser av det opphavelege, veit eg ikkje.
  • Takk for svar. Eg ser at det er to eldre stover på det bruket i dag, er det tale om den som ligg nærast fjøsen eller den som ligg lengst mot nord? Grunnen til at eg er nysjerrig på dette, er at ein slektning av meg (Martha Martinusdotter Eidheim) var tjenesetjente hjå kårmannen Gunder Ellingsen Flø og hans dåverande kone i flg folketeljinga i 1865. Gunder vart seinare oppattgift med Engjeber (Ingeborg) som stova har fått namn etter. Det hadde vore stas å vite akkurat kva stove det var Martha tente i.

Share to