• Photo: Wikimedia (Opphavsrett)
  • Photo: Wikipedia/ Polandeze (Opphavsrett)

Hare

Haren finst i heile Rallarvegområdet, inkludert dei aller høgste strekka.

Haren finst i heile Rallarvegområdet, inkludert dei aller høgste strekka. Haren har svært gode kamuflasjefargar til alle årstider, og er difor vanskelig å sjå. Oftast kan ein oppdage han på litt avstand; han pilar av garde i sine lange byks, og vips er han vekk bak ein haug.

Haren er stort sett einsleg, han er ikkje noko flokkdyr. Han et berre plantekost, noko som ikkje gir så konsentrert energi og næring, difor må han ete støtt: Haren gneg på gras, lyng og kvister mykje av dagen, stadig på vakt mot farar som kan truge.

Haren er svært karakteristisk av utsjånad, med typisk gnagarfjes, lange øyre, litt forvaksne bakbein og bare ein stubb av ein hale. I sommardrakt er pelsen gråbrun, mens vinterdrakta er heilt kvit, utanom øyrespissane, snuten og auga. Spor av hare på snø er kanskje det best kjende dyrespor av alle. Dei kan setje opp ei imponerande fart når dei vert skremt opp, og er også ganske uthaldande.

Share to