Ei kvinne blant mange menn

Den eldre broren Einar Lund (1882-1954) var òg toppspelemann, og alt i førstninga på 1900-talet konkurrerte Kristiane blant dei fremste på kappleikane. Det finst ei rekkje slåtteopptak etter ho, og spelet hennar var reint, kraftig og rytmisk drivande, - typisk bøheringsspel.

"Kristiane spelar som ein kar", sa Johannes Dahle. Som person var ho pågåande med markante meiningar, og det trengtes nok i det mannsdominerte hardingfelemiljøet den gongen.

 I ei tid der hardingfela var på veg til å bli eit konsertinstrument, såg ho klårt at spelet og bygdedansen måtte høyre saman, og ho tok initiativet til oppstartinga av dansarringane i Bø og i Nes. Der var ho sjølv dansespelar i mange år heilt opp i høg alder.


Bruk av folkedrakta var òg ei av hjartesakene hennar.

Kristiane Lund fekk fleire høge utmerkingar for arbeidet sitt for norsk folkemusikk.

Share to