• Photo: Ann Steindal (Opphavsrett)
  • Photo: Elizabeth Warren (Opphavsrett)
  • Photo: Svein Skare (Opphavsrett)
  • (Opphavsrett)

Gravfeltet på Hæreid

Flest små røysar

Dei fleste røysane er små, mellom 2 og 5 meter i tverrmål. Somme av desse kan vera rydningsrøysar utan grav. Ei samling større haugar, 12-13 m i tverrmål eller meir, og over meteren høge, ligg i eit belte på begge sider av vegen, lengst sør på terrassen.

Yngre jernalder

Hæreidfeltet er lite granska. Berre 9 funn er kjende. Av desse kjem berre eitt frå arkeologisk utgraving. Funna spenner frå 500-talet til fram mot år 1000. Men vi kan vera nokså sikre på at somme av haugane inneheld eldre graver.
Krukkebrot og bein frå ei branngrav kan daterast til folkevandringstida (400-600 e. Kr.). Dei andre funna er frå yngre jernalder (600-1000 e. Kr.). Mellom desse finst øksar og pilespissar, restar av eit sverd, ei bronsespenne, eit beksel, kokekar av kleberstein, ei steikjepanne og restar av eit skjold. 

Kvifor så store gravfelt i Eidfjord?

Vi kan undrast på kvifor nettopp Eidfjord har slike store gravfelt. Også på Lægreid har det vore mange haugar, og i Øvre Eidfjord finst fleire større felt. Anten må gravskikken ha vore annleis her enn i andre bygder, slik at dei fleste døde, og ikkje berre nokre få, vart heidra med haug eller røys. Elles så har folkesetnaden vore svært stor. Granskarar har ofte drøfta dette, utan å finna noko sikkert svar.

Share to