Hustuft

Denne hustufta på sørsida av Kinn måler om lag 15 x 9 meter i ytre mål.

Ho er klårt markert og syner godt i terrenget. Særskilt er austre gavlvegg høg og brei og markert med steinblokker. Til nordre gavlvegg er det mellom anna nytta ei jordfast blokk. I følgje Fett skal det vere mogeleg å sjå tre romdelingar i tufta. Tufta er ikkje arkeologisk undersøkt, men arkeologane går ut i frå at dette er restar etter eit hus frå jernalder.

(Askeladden id 25852, Per Fett 7/1)

Rydningsrøyser

Rundt omkring hustufta ligg det fleire rydningsrøyser. I jern- og mellomalder brukte folk å legge røysene i åkeren og ikkje i utkanten. Varmen frå steinane var gunstig når ein til dømes skulle dyrke korn eller anna.  

Share to