• Photo: T. Dahl (Opphavsrett)
  • Photo: T. Dahl (Opphavsrett)

Eg stend eg, seddu

Om ein vandrar Pilegrimsleden langs Midtvegen over Kjønås fangar ein kampestein blikket; han får deg til å stoppe opp i undring.

Ved bekken, nedanfor gamle Kjønås skule, står ein diger kampestein på kant og ropar stilt åt oss. Gardbrukar Per Otto Kaurstad m.fl. reiste denne tusenårsteinen i 2000. Steinen er ein flyttblokk som har kome med isen for kan hende 10 000 år sidan - eller meir... På steinen står eit sitat frå eit dikt av Olav H Hauge. Framved vegen står det og nokre gonger ein benk for ein pust i bakken. 

Eg stend eg, seddu
Eg stod her i fjor òg eg, seddu.
Eg kjem til å stå her eg, seddu.
Eg tek det eg, seddu.

Du veit ikkje noko du, seddu.
Du er nyss komen du, seddu.
Kor lenge skal me stå her?
Me fær vel eta, seddu.

Eg stend når eg et òg eg, seddu.
Og kastar fatet i veggen.
Me fær vel kvila, seddu.
Me får vel sova, seddu.

Me fær vel pissa og skita òg, seddu.
Kor lenge skal me stå her?
Eg stend eg, seddu.
Eg tek det eg, seddu.

Eg kjem til å stå her, eg, seddu.


Share to