Saxe ved Haugesag

Saxe levde på 1600-talet, men kven var han?

Ein kan fundere på mykje. Eg lurar på kven var Saxe ved Haugesag og kor kom han ifrå?

Det var ikkje vanleg å heite Saxe i Bø i Telemark på den tida, ikkje nå heller for den del. Me finn Saxe i gamle kjelder. I 1647 betalar Saxe ved Hough saugh 1 daler i skatt, han er nemt i skattematrikkelen mellom husmenn, handtverksfolk og tenestedrenger.

Saxe hadde fem søner og to døttre som me veit namnet på. Det var Erik, Kittil, Andres, Hans, Reier, Mari og Bergit.

Me veit at sonen Hans Saxesson budde ved Haugesag i 1698. Da blei dottera Mari fødd 11. mai om morgenen tidlig ved solens oppkomst. 

 I dag kjenner me bare til ætta etter sonen Erik som kom til Roteberget og Valen.

Men kor Saxe kom frå - nei, det veit me ingen ting om.


Share to