• Photo: Tore Bjørgo (Opphavsrett)
  • Photo: Ann-Mari Olsen (Opphavsrett)
  • Photo: Tore Bjørgo (Opphavsrett)

Hardangervidda – spiskammers gjennom 8500 år

Overskot til livberging

Steinalderbuplassar finst i hundretal ved elveosar, der auren spela seg, eller langs innsjøstrendene, der reinen trekte. Dyregraver, bogastille, varderekkjer og veidemannsbuer ligg som gløymde ruinar. Den siste driftekaren er vorten historie, men grøne vollar og frodig gras ved steinbuer og felæger minner framleis om fjellbeiting og driftehandel. I lier og fjelldalar kring Vidda kransar stølane seg. Skog og kratt løyner no dei gamle tuftene, der budeiene rådde grunnen, féet feitna etter vårknipa, og bonden henta overskot til livberging for seg og sine.
 

Velfylt spisskammers

Over heile vidda, frå Jøkulen til Møsstrond, finst minne om dei som levde av det fjellvidda kunne by, anten det var storvilt, fisk, bær eller stølsprodukt. Hardangervidda har for mange vore eit velfylt spiskammers, like frå dei første fangstfolka kom dit for 8500 år sidan og fram til vår tid.

Share to