Nedre og øvre Byrjehelleren

I dette området er det to hellera; Nedre (store) Byrjehelleren og Øvre (litle) Byrjehelleren.

Nedre (store) Byrjehelleren

Helleren vert kalla Nedre (store) Byrjehelleren. Helleren er 32 meter djup. Opninga er 14 m brei og sperra med ein liten mur. I golvet finst leirsand med mykje store blokker.

Geologen H. Reusch gjorde prøvegravingar i helleren i 1879. Lokalt har dei tatt ut mykje massar til gjødsel frå helleren. Slik at i dag ligg det ikkje lausmassar att inne i helleren.

I alt er det gjort fire funn i helleren frå jernalder då Reusch undersøkte; to tilverka stykke av hjortebein, ei nål av bein, ein gjenstand av tre, ein liten ring/jernstift.


Øvre (litle) Byrjehelleren

10/2 Denne hellaren vert kalla Øvre (litle) Byrjehelleren. Han ligg opp forbi nedre Byrjehelleren. Helleren er om lag 17 meter djup.

 

 Det er svært bratt opp til øvre Byrjehelleren. Turen opp eignar seg difor ikkje til små barn.

 

 

Begge hellerane er automatisk freda kulturminne. 


(Askeladden id 6323, Per Fett 10/1-2)

Share to