• Photo: Knud Knudsen, KK 8124. (Opphavsrett)

Norheim

Stort jordegods

I mellomalderen hadde Norheim eit stort jordegods: Vines, Sekse, Espe, Alvsaker, Hesthamar, Kjerland, Tveit, Bu, Nesheim, Ålvik, Nesthus, Skutlaberg, Gørvingasetr og Hallaråker. Så langt attende ein kan følgja garden, har Norheim vore delt i to bruk; i 1640 var desse delte i to nye bruk, og i 1900 hadde indre og ytre Norheim eit folketal på 139.

Mellomalderstove

Den eldste røykstova som står att på garden, har hatt rundboga dører og skriv seg kanskje frå seinmellomalderen. Stova ber merke etter å vera teken ned og sett opp att. Like ved stod ei liknande røykstove som vart riven kring 1880. Denne stova vart måla av Tidemann i 1867 og i 1873. I løa er det 7 store hjørnestavar, med spretthogd fiskebeinsmønster; kanskje frå eit huskapell som det på Aga. Biskop Neumann, som vitja Norheim i 1825, fortel om «12 canellerte søiler» som etter segna skulle vera tiltenkt ei kyrkje.

Share to