Steinring/grav

Steinringen på sørsida av Kinn, er tolka å vere eit gravminne frå jernalder.

Grava består av steinblokker lagt i ringformasjon som er godt synleg på bakken. Ringen ligg på flat mark utan noko synleg form for opparbeiding av terrenget.  Indre diameter på ringen er 4 meter og den ytre diameteren er 7 diameter.  

Steinringen vart fyrste gong registrert av arkeologen Johannes Bøe på 1930-talet, seinare av Per Fett på 1950-talet. Bøe grov i si tid ei lita prøverute ved steinringen og fann ein liten jernbit nokre centimeter under torva.

Det er elles kjend fleire gravrøyser på sørsida av Kinn. Røysene er låge og ikkje lett å sjå i terrenget. Ved Parken, også på sørsida av Kinn, ligg det ein steinring rundt ein bergknaus (Askeladden id 72895, Per Fett fk nr 5) som også er tolka som ei grav.

I Noreg er det registrert fleire steinringar frå jernalder. Nokre av desse har både større steinblokker og ein større omkrins. Steinringane blir oftast tolka som gravminne eller ein stad der folk ofra til gudane sine. Utgravingar ved steinringar viser at det ofte ligg flatmarksgraver ved ringane. Det vil seie graver utan noko synleg markering over seg.


(Askeladden id 35758, Per Fett 9/1)


Hellekiste 

30 meter sørvest for steinringen på sørsida av Kinn, registrerte Fett samstundes restar etter ei hellekiste oppe på ein hamar. Hellekista er ikkje fult så lett å finne att i landskapet. Hellekiste er i denne samanhengen ei kiste som er kantlagt med stein og som den døde vart lagt i. Sidan kista ser ut til å vere kasta ut/øydelagt kan det tyde på at ho har vorte plyndra ein gong for lenge sidan. Plyndring av graver var vanleg, både frå tida då gravene vart lagt, men òg seinare gjennom historia.

(Askeladden id 35758, Per Fett 9/2)

Gravskikken

Gravskikken i jernalderen varierte. Nokre vart vart lagt i/under jordblanda haug, steinrøys utan jord, jordblanda røys eller flatmarksgrav utan noko form for markering. Nokre få, gjerne frå det øvste sjiktet i samfunnet, fekk med seg gravgåver, andre fekk ikkje gåver med seg i det heile. Lika kunne vere brende (likbrenning) før dei blei hauglagt eller gravlagt utan å bli brende.  Forma på gravene som er synleg på bakken varierte. Oftast er forma på gravene med markering over bakken runde. Men det finst òg døme på båtforma graver eller avlange graver.

Ofte vart gravene plassert ved ferdselsvegar; til dømes langs den indre kystleia slik gravrøysene frå Staveneset i Askevoll kommune og opp til Seljestokken i Flora kommune ligg som perler på ei snor.  Gravene ligg òg langs ferdslevegar på land. Gravene skulle vere synlege for dei reisande og vart ofte lagt på naturlege forhøgingar i terrenget. Fram etter i jernalderen vart gravene gjerne lagt i nærleiken av gardstunet. Dei døde var like mykje med i samfunnet som dei levande. Og folk måtte ta omsyn til dei døde i kvardagen. 

Share to