Vårsildfisket i Kinn på 1800-talet

Det store vårsildfisket i Kinn på 1800-talet

Av Arne Færøyvik

Dei som møter opp på Kinnaspelet dei gode dagane, tykkjer nok at det kryr av folk alle stader. Men det er ikkje første gongen det er store folkesamlingar på Kinn. Går vi omlag 150 år attende i tida, var det samla minst like mykje folk då på grunn av det store sildefisket som var her omkring.

Kinn var sentrum i dette fisket, og før 1855 var det stort sett folk frå det nœre distriktet som var med i fisket her. Denne sildeperioden var på sitt beste i tida 1850 til midt på 1860–talet, men det vart fiska sild frå omlag 1820 til 1870. På grunn av auken i fisket var det frå omlag 1855 stor aktivitet også når det galdt bygging av salteri og fiskarhus. Talet på slike hus i Kinn sokn auka frå omlag 40 i 1854 til 300 i 1860. Den første tida var det stort sett bygdefolk som bygde salteri, men byborgarane kom meir med etterkvart. I 1860 åtte dei omlag 90 salteri. Byborgarane sine salteri var mykje større og kunne salte meir sild enn dei bygdefolket hadde, truleg var desse like viktige som overnattingsstad for fiskarane. Kinn og Nærøy hadde 86 salteri, Rognaldsvåg vel 100 (1862). Folk her frå fylket budde alltid i land, medan «søringane» som regel hadde losjifarty med seg. Byborgarane hadde salteria sine stort sett i Batalden og på Skorpa, medan bygdefolket heldt seg i Rognaldsvåg og på Kinn. Dei største salteria var det folk frå Bergen eller Stavanger som åtte. Dei kom etter at fisket tok seg opp i Kinn, fiskarane sørfrå strøymde til, og i 1860 var dei i fleirtal.

Mange hadde arbeid på salteria, både kvinner og menn. Det var kvinnene som salta silda, arbeidet var på akkord, og mange var sers snare på handa. Var dei heldige kunne dei tene 2 – 3 årsløner på nokre veker. Det var store folkemengder som samlast under kinnafisket.  I 1854 var det minst 5000 fiskarar samla i Kinn sokn, 6 år etter var talet dobla, og seinare vart det enno fleire. Sjølv om «søringane» hadde losji med seg, og salteria kunne hyse ein god del, vart det trangt i privathusa og. På Reksta/i Rognaldsvåg var det i 1859 innlosjert 3000 fiskarar, folketalet der var då omlag 300, det vil seie at folketalet var tidobla. Skulle vi overføre dette til Flora kommune i dag, skulle her kunne innlosjerast 100 000. På Kinn var det nok på det meste 1000 – 2000 fiskarar. Folk budde svœrt tett. I eit hus med ein etasje og loft, var det innlosjert 200 menneske,  og det blei 1 1/2 m2 luftrom kvar. Ein annan stad var det innlosjert 42 mann i eit rom på 5 x 5 x 2 meter. Det lønte seg å ta inn mykje folk. Vanlegvis betalte dei 1/2 spesiedalar pr. mann. Oppsynslegen seier: «Man faar Begreb om det utrolige ved at see, hvorledes den almindelige antagne rumbesparende Maade at nedlegge Sild paa, ogsaa lader sig praktisere paa levende aandende Mennesker».

Før fisket i 1862 fekk Kinn og Batalden telegrafstasjonar i fisketida. Det er rimeleg at folk frå naboøyane møtte opp på Kinn for å frette nytt frå fisket, dessutan var der gjerne oppslag frå oppsynet og oppsynslegen om ting folk burde vite.

Korleis var det dei fiska? Dei brukte ro/seglbåtar, dei største likna nok ytrehus-sekskeipingen som mange her har sett. Nokre av båtane var mindre, fire– og femkeipingar, og dei var 5–6 mann på kvar båt. Når Kinn og Nærøy var så etterspurde som tilhaldsstad for fiskarane, var det fordi utroren vart kortare når silda stod noko til havs. Det var setjegarn dei brukte, 3–4 garn i kvart set, og dei hadde fleire set på kvar båt. Samla fangstmengd var dei beste åra omlag 350 000 hl. Dagsprogrammet var slik: Opp i 6 tida om morgonen, og etter ein frukost, (som regel kaldgraut ) var det ut å dra garna. Når det var gjort, var det til lands att for å levere silda. Etter litt mat, skulle garna greiast, deretter var det stad å setje dei. Så heim att, og no var det tid for hovudmåltidet. Fersk vårsild eller varm graut, dei koka så mykje at det vart til kaldgraut til frukost. Etter kveldsmaten var det å salte den silda dei skulle ha sjølv. Det var lange og harde dagar, 14 – 16  timar, kanskje meir om det var uvær.

Det er eit ordtak frå denne vårsildtida: «Reis til Kinn og bli rik». Dei fleste fiskarane som kom hit, vart neppe så sœrleg rike, men kunne dei fleste åra få ei brukbar inntekt. Det vart vanlegvis nokre spesiedalar både til fiskarar, saltarar og arbeidsfolk på salteria. Trass slitet og strevet var fisket noko karane såg fram til heile året, det var sjølve  eventyret i eit tilvære som ikkje var altfor rikt på hendingar. Gamle folk kjende seg heilt unyttige når dei ikkje kunne vere med lenger.

Etter 1870 vart det mindre og mindre fangsting. Livet i fiskevera som hadde vore merkt av mykje folk og stor aktivitet, vart endra på kort tid. På få år vart det heilt stilt.

 

 (Artikkel frå Kinnaspelet sitt programhefte, 1995)

 

 

Share to