• Photo: Thor Bjerke (Opphavsrett)
  • Photo: Ann Steindal (Opphavsrett)
  • Photo: Thor Bjerke (Opphavsrett)
  • Photo: Ann Steindal (Opphavsrett)

Rallarmuseet på Finse

Rallarmuseet vart til som eit resultat av djup kjærleik til, og respekt for, den bragda det var å få bygd Bergensbana. Initiativtakar var dåverande hotelldirektør Tron Bach, som òg var den som fekk i gang sykling langs Rallarvegen. Mange gode krefter, som Ulvik Herad, Finse vel, hotellet, NSB og Norsk Jernbaneklubb, slo seg saman i ei stifting for å oppretta eit dokumentasjonssenter for Bergensbana i 1986. Lokale jernbanefolk og entusiastar samla inn gjenstandar som låg att i brakker og ute langs sporet etter anleggstida. Eit arkiv med fotografi og dokument om bygginga og drifta vart bygd opp, og ein gjennomførte intervju med tidlegare tilsette jernbanefolk som hadde hatt Bergensbana som arbeidsplass. Noko av snøryddingsmateriellet som har vore i bruk er utstilt ute på den store plassen framfor museet. Fotografia og gjenstandane er no lagra på Norsk Jernbanemuseum på Hamar, som òg har det museumsfaglege ansvaret for museet.

Museet fekk ny utstilling då Bergensbana runda hundre år i 2009. Den fortel om den lange og særmerkte anleggstida, og om den påfølgjande kampen mot snøen. Her kan ein sjå fleire gamle filmar og høyra gamle rallarsongar. Ei original rallarbrakke vart flytta inn her, så her kan ein sjå sjølv korleis tolv anleggsarbeidarar budde. Den gamle smia står slik ho sto då den siste smeden forlét henne, og no hender det at det er varme på eisa att. Velkomen inn til ei spanande utstilling og ein varm kopp kaffi.

Share to