Ytterøyane fyr

Ytterøyane fyr

Av Bjarte Sindre

Lengst vest i havet ligg øya Kinn med Kinnaklova, eit siglingsmerke for sjøfarande gjennom uminnelege tider. Vi finn eit dramatisk landskap der også hav og himmel møtest. Her vert mennesket lite og forsvarslaust. Men på øya står Kinnakyrkja, ein lysande vegvisar for truande gjennom mest tusen år. Og få stader høver vel Bibelens ord om «å lyse for dei som sit i mørke og dødens skugge, og leie våre føter inn på fredens veg» betre enn her. Dei siste ti åra har Kinnaspelet vore ein sterk påminnar om symbolkrafta i det kvite kyrkjehuset, og som Garmund seier i spelet: «Kyrkja ho står der ho i alle vindars kast».

     Frå Kinnakyrkja ser vi rett ut til Ytterøyane fyr, eit lys i mørkre for sjøfarande. Med fyret finn sjøfolk og fiskarar no farveg i sitt verdslege strev. Fyret stod ferdig i 1881, så det har ikkje alltid vore slik.

     I januar 1803 la tre jekter og ein slupp ut på ei ferd  frå Bergen til Nord Noreg. I vintermørke i styggevêr og tung sjø tok «Haabet» nedpå ein grunne ved Ytterøyane og sokk. Som ved eit under redda mannskapet livet. Leiaren for ferda var Hans Nilsen Hauge, den store forkynnaren, mannen som mange meiner verkeleg kristna Noreg. Felagane hans var ute av seg over tap av båt og last, men Hauge svarte smilande frå Jobs Bok: «Herren gav og Herren tok, Herrens namn vere lova.» Og han la til at Gud nok hadde ei meining med alt. På grunn av dette forliset vart Hauge kjend med distriktet vårt, og då Svanøe adelige Sædegaard vart utboden til sal i 1804, var  Hauge snar med å kjøpe. Han overlet så garden til den unge Ole Torjusen Helling, som utvikla Svanøya til å bli eit kraftsentrum for haugianismen, noko som hadde umåteleg stort verd når det galdt utviklinga av kristenlivet i Sunnfjord.

     Men det var ikkje alle som var like heldige som Hans Nilsen Hauge. Mange er dei skip som har forlist i dette ureine farvatnet, og då kommunikasjonane vart utbygde iNoreg, og tryggleiken skulle gjerast betre, så fann Fyrkommisjonen af 1851 at «da Kind netop har en saadan Beliggenhed, samt er i Nærheden af et af de større og almindelige benyttede Løb fra Havet til ledet, saa blev den og dens Udvær befaret, hvorved man bestemte seg for Ytterøe, 1 Qvartmile i NV fra Kind.»

     Det var mange fyr som skulle byggast, så det vart først kring 1880 at arbeidet med fyret kom i gang for alvor. Holmen vart innkjøpt for rundt 5.500 kroner frå H.C. Lass, og skylda vart sett til 1 ort og 13 skilling. Det 31 meter høge støypejarnstårnet vart levert frå Marineverftet i Horten, lyktehuset frå Aker og fyrlykta frå Frankrike. Solide saker alt saman. Jarnplatene i tårnet er meir enn 5/4 tommar tjukke, og boltane står med 20 cm fråstand. Meir enn hundre år gammalt er det som nytt, men det må målast kvart tredje år. Det er vêrhardt her ute i ytste havgavet. Tekniske framsteg har gjort at fyrlyset er blitt skifta ut fleire gonger, sist i 1950. Fyrlykta gjev no eit lys på 2.800.000 candela, og er eit av dei sterkaste i landet. Lyset ligg 57,5 meter over høgvatn, og lyset rekk difor heile 20,4 nautiske mil.

     I tillegg til sjølve fyret er der bygt romsleg husvære for fyrvaktarane, fleire uthus, maskinrom, aust på øya landingsstad for båt med naust. I dei første åra kunne det vere rett så folksamt på fyret når både fyrvaktaren, assistenten og reserveassistenten heldt til her ute med familiane sine. Barneflokkane var store den gongen. Så utruleg det høyrest ut dreiv dei også jordbruk, heldt både kyr, sauer og dyrka grønsaker.

Fyrvaktarane på Ytterøyane har vore:

Johan Jacobsen                               1881–1884

Severin Michalsen                        1884–1905

Jacob Ludvig Falck                        1905–1914

Theodor Skjelbred                        1914–1928

J.O. Sandblost                                  1928–1946

A.P. Steinnes                                    1946–1949

Håkon Pedersen                             1949–1960

 

Mikal Moltemyr                              1960–1965

Gunnar Larsen                                 1965–1976

Edvin Gjertsen                                 1976–1979

Andreas Strømmen                      1979–1982

Leif Bjørnsen                                    1982–1988

Trygve Strømmen                          1988– d.d.

 

 

 

 (Artikkel frå Kinnaspelet sitt programhefte, 2003)

Share to